|
|
|
I år arrangerer vi Kulturnatt i Stryn, fredag 12.november!
Kulturnatt er eit internasjonalt konsept som starta opp i København i 1993. Kulturnatt har etter det spreidd seg til mange byar og tettstader rundt om i Europa, og ikkje minst i Noreg. I 2007 starta kulturleiarane i Nordfjordkommunane opp Kulturnatt i ein heil region, noko som er heilt unikt i denne samanheng.
Intensjonen med Kulturnatta er å tilby innbyggjarar og tilreisande ein "smakebit" av det rikhaldige og varierte kulturlivet som vi har i kommunen. Kulturnatta vert ein flott arena for deltaking og oppleving av kultur i mange ulike former.
Vi har hatt god oppslutnad på dei ulike arrangementa og takk vere lokale kulturaktørar som har medverka har vi hatt stor suksess og håper på det same i år!
Kvar kommune i Nordfjord skal ha sin unike kulturmeny, og kanskje noko felles.
Komiteen som skal arbeide med Kulturnatta vonar at dei som ønskjer å delta i programmet melder i frå om det før 15.september. Alle innkomne forslag og idear vert teke med vidare til komiteen, som tek kontakt med dykk så snart fristen er gått ut.
Komiteen i år: Torild Nedreberg Marit Skrede Reidun Sandnes Inge Arne Bøe Jon Are Steen Torstein Tvinnereim Myrtel Thomassen
Send innspel/idear til program til myrtel.thomassen@stryn.kommune.no eller ring 57 87 47 53 innan 15.september!
Publisert av
Thomassen, Myrtel Janne.
Sist endra 25.06.2010
|
|
|
|
|
|
|
|