Stryn kommune har vel 7000 innbyggjarar, storslått natur med fjordar, fjell og brear, rikt kulturliv og gode oppvekstvilkår for barn og unge. Næringslivet er variert.
Tenesta har 3 årsverk, system for tverrfagleg samarbeid og tett kontakt med nabokommunar. Dersom det ikkje melder seg aktuelle kandidatar som leiar av tenesta, satsar vi på å finne alternative løysing og søkjer etter barnevernskurator.
Arbeidsoppgåver for stillinga:
- Fagleg og administrativ leiar av tenesta (gjeld berre eventuell leiar)
- Arbeid med kvalitetsikring/-utvikling av tenesta
- Sakshandsaming og oppfylging av saker etter lov om barneverntenester
- Råd og rettleiing
Kvalifikasjonar for stillinga:
- Barnevernspedagog eller sosionom
- Helst røynsle frå kommunalt barnevernarbeid
- Evne til sjølvstendig, strukturert og målretta arbeid
- Bra på kommunikasjon og samarbeid
- Gode personlege føresetnader
Tilsetting på kommunale vilkår. Leiar - løn etter avtale. Kurator - løn i samsvar med tariff.
Hjelp med bustad.
For nærare informasjon, kontakt barnevernleiar Rita Stølen Veamyhr tlf. 412 48 829 eller helse- og sosialsjef Berit Wetlesen tlf. 909 24 466.
Søknad skal sendast elektronisk ved å klikke på linken under. Merk søknaden med 10/926 i feltet for Arkivsaknr. Send kopi av rettkjende attestar og vitnemål per post (vil ikkje bli returnert).
SØKNADSFRIST: 1.august .2010