Stryn Heading US.jpg
a - a - a
Nettstadkart Nettstadkart
Internasjonalt Other languages
 
Årsvikariat som leiar eller kurator i barneverntenesta i Stryn
stilling ledig

Årsvikariatet er ledig i tida 01.10.10 til 22.09.11 grunna fødselpermisjon.  2.gongs utlysing. 

Stryn kommune har vel 7000 innbyggjarar, storslått natur med fjordar, fjell og brear, rikt kulturliv og gode oppvekstvilkår for barn og unge.  Næringslivet er  variert.

Tenesta har 3 årsverk, system for tverrfagleg samarbeid og tett kontakt med nabokommunar.  Dersom det ikkje melder seg aktuelle kandidatar som leiar av tenesta, satsar vi på å finne alternative løysing og søkjer etter barnevernskurator.

Arbeidsoppgåver for stillinga:

  • Fagleg og administrativ leiar av tenesta (gjeld berre eventuell leiar)
  • Arbeid med kvalitetsikring/-utvikling av tenesta
  • Sakshandsaming og oppfylging av saker etter lov om barneverntenester
  • Råd og rettleiing

 Kvalifikasjonar for stillinga:

  • Barnevernspedagog eller sosionom
  • Helst røynsle frå kommunalt barnevernarbeid
  • Evne til sjølvstendig, strukturert og målretta arbeid
  • Bra på kommunikasjon og samarbeid
  • Gode personlege føresetnader

Tilsetting på kommunale vilkår.  Leiar - løn etter avtale. Kurator - løn i samsvar med tariff. 

Hjelp med bustad.

For nærare informasjon, kontakt barnevernleiar Rita Stølen Veamyhr tlf. 412 48 829 eller helse- og sosialsjef Berit Wetlesen tlf. 909 24 466.

Søknad skal sendast elektronisk ved å klikke på linken under.  Merk søknaden med  10/926  i feltet for Arkivsaknr.  Send kopi av rettkjende attestar og vitnemål per post (vil ikkje bli returnert). 

SØKNADSFRIST:   1.august .2010 

Publisert av Sunde, Margunn Teige. Sist endra 08.07.2010
  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter
     
Admin
Validator
Levert av ACOS AS
Stryn kommune, Tonningsgata 4, 6783 Stryn Tlf. 57 87 47 00 postmottak@stryn.kommune.no