|
Kva skjer?
| | må | ty | on | to | fr | la | sø |
|---|
| 30 | 31 | 1 | 2 | 3 | 4 | 5 | | 6 | 7 | 8 | 9 | 10 | 11 | 12 | | 13 | 14 | 15 | 16 | 17 | 18 | 19 | | 20 | 21 | 22 | 23 | 24 | 25 | 26 | | 27 | 28 | 29 | 30 | 1 | 2 | 3 | | 4 | 5 | 6 | 7 | 8 | 9 | 10 |
|
|
|
50 % fast stilling som ungdomskontakt
Det er ledig 50 % fast stilling som ungdomskontakt frå 01.09.2010. Søknadsfrist: 15.08.2010.
Stryn kommune med sine om lag 6.800 innbyggjarar, har storslått natur med fjordar, fjell og brear. Her er omfattande turisme, eit rikt kulturliv og gode busskommunikasjonar med Oslo, Bergen, Ålesund og Trondheim. Det er gode oppvekstvilkår for born og eit variert næringsliv med etterspurnad etter ulik type arbeidskraft.
Hovedarbeidsoppgåver for stillinga:
- Arbeid retta mot UKS (Ungdommens kommunestyre),Ungdommens kulturmønstring, musikkbingen og frivillege ungdomsorganiasjonar
- MOT-koordinator
- Sekretær for kommunen sitt tverrfaglege førebyggings-forum
- Sekretær for strategisk samarbeidsforum mellom kommune og politi.
Kvalifikasjonar for stillinga:
Relevant høgskuleutdanning. Røynsle med ungdomsarbeid. Personlege føresetnader. Interesse for kulturarbeid.
Lønsvilkår: Ungdomskontakt. Tariffløn etter høgskulestegen: 321.00 - 374.500 pr.år/heil stilling, avhengig av godkjend ansiennitet.
Stryn kommune kan tilby: - Variert arbeid i positivt miljø - Tilsetjing på vanlege vilkår. Frå løna vert trekt 2 % innskot til pensjonsordning.
For stillinga gjeld:
Tilsetjing skjer etter gjeldande lover, tariffavtale og reglement. Den som vert tilsett vil ha avd.leiar kultur som næraste overordna.
Nærare opplysningar: Kontakt avd.leiar kultur: Myrtel Thomassen, tlf 57 87 47 53 eller 402 42 801. Søknad skal sendast elektronisk ved å klikke på linken under. Merk søknaden med 10/931 i feltet for Arkivsaknr. Send kopi av rettkjende attestar og vitnemål per post (vil ikkje bli returnert).
SØKNADSFRIST: 15.08.2010.
Publisert av
Sunde, Margunn Teige.
Sist endra 09.07.2010
|
|
|
Kontaktinformasjon
|
Stryn kommune
|
|
|
|
Tonningsgata 4
|
|
6783
STRYN
|
 |
|
Telefon
|
:
|
57 87 47 00
|
|
Faks
|
:
|
57 87 47 01
|
|
Org.nr.
|
:
|
963 989 202
|
|
Kommunenr
|
:
|
1449
|
|
|
|
Opningstid
|
:
|
09:00 - 15:00
|
|
Galleri
Queen Mary II i Olden
Fotograf: Kjetil Netland
|