|
Kva skjer?
| | må | ty | on | to | fr | la | sø |
|---|
| 26 | 27 | 28 | 29 | 30 | 31 | 1 | | 2 | 3 | 4 | 5 | 6 | 7 | 8 | | 9 | 10 | 11 | 12 | 13 | 14 | 15 | | 16 | 17 | 18 | 19 | 20 | 21 | 22 | | 23 | 24 | 25 | 26 | 27 | 28 | 29 | | 30 | 31 | 1 | 2 | 3 | 4 | 5 |
|
|
|
Konsert med "Øystein Sunde og Meget i Sløyd"
Etter 2 år samanhengande suksess med framsyninga si ”Sånn er’e bare” på Dizzie Showteater i Oslo, Hotell Klubben i Tønsberg og på Turné, skal Øystein Sunde og Meget i Sløyd ut på turné i samband med slepp av Sunde sin nye CD.
Framsyninga byggjer på ”Sånn er’e bare”, men er utvida med nye songar. Publikum kan vente seg ein svært opplagt Øystein Sunde, som byr på eit variert og morosamt repertoar, som alltid. Orkesteret hans ”Meget i Sløyd” er det beste bluegrass-bandet på denne sida av Atlanteren. Her svingar det herleg, og publikum blir ført på ei musikalsk bølgje av go’lyd!
Eit finstemt show med glitrande humor og ei nydeleg musikalsk innpakking. Det er berre å nyte det i fulle drag!
Konserten er i Stryn kulturhus 25.oktober kl 19.30
Publisert av
Haugen, Siri Linn Opsahl.
Sist endra 24.06.2008
|
|
|
Kontaktinformasjon
|
Stryn kommune
|
|
|
|
Tonningsgata 4
|
|
6783
STRYN
|
 |
|
Telefon
|
:
|
57 87 47 00
|
|
Faks
|
:
|
57 87 47 01
|
|
Org.nr.
|
:
|
963 989 202
|
|
Kommunenr
|
:
|
1449
|
|
|
|
Opningstid
|
:
|
09:00 - 15:00
|
|
Galleri
Ved Svingesetvatnet
Fotograf: Johnny Hove
|