Kva skjer?
august 2010
tyontofrla
2627282930311
2345678
9101112131415
16171819202122
23242526272829
303112345
Norsk ubestridne førstedame - Anne Grete Preus

Konsert med Anne Grete Preus i Stryn kulturhus, laurdag 7. mars kl 20.00.

Anne Grete Preus er norsk rocks ubestridne førstedame og grunnen er at ho gjennom 30 år som plateartist aldri har latt seg avspore. Verken av trendar eller av kritikarar.
Litt av hemmelegheita er at alt artisten Anne Grete Preus gjer vert styrt innanfrå, og i ei marknadsstyrt musikkverd har ho hatt den typen påståeleg indre trøkk som skapar sin eigen marknad. 

Anne Grete Preus sitt kunstnariske prosjekt kan summerast i tre ord: "Ver deg sjølv". I starten av karrieren var det eit kamprop, seinare blei det til ein draum, og i dag fortel det om lengsel.

Du kan oppleve Anne Grete Preus i Stryn kulturhus 7. mars kl 20.00

Billetpris: kr 280

Kjøp av billett kan gjerast på:
Tlf kulturhuset: 57 87 47 65
Bibliotek: 57 87 48 80
Internett: www.billettluka.no

Publisert av Haugen, Siri Linn Opsahl. Sist endra 03.03.2009
Levert av ACOS AS