På biblioteket kan du låne bøker, filmar og cd-ar heilt gratis.
Du kan også komme innom for å bruke lesesalen, musikkrommet eller lese aviser.
Vi har PC-ar der du kan bruke internett.
Vi har ei variert samling bøker. Dersom du ønskjer ei bok vi ikkje har, kontakt personalet. Kanskje vi kan kjøpe den inn eller bestille den frå eit anna bibliotek.
Web-funksjonen for Søk & Bestill og Meg & Mitt på Stryn bibliotek har vore ute av drift, men no er det delvis oppe og går igjen. For å finne det kan du gå inn på
http://websok.mikromarc.no/stryn-fb