Allemannsretten er det viktigaste prinsippet som ligg i friluftslova, og gjev ålmenta rett til ”fri ferdsel” til fots i norsk natur.
Turaktivitet til fots på barmark er den dominerande friluftsaktiviteten i kommunen. Mange turløyper er merkte av ulike idrettslag og av nasjonalparksenteret, andre av Den Norske Turistforening. Mange turar kan berre gjennomførast i organiserte turopplegg på grunn av høg vanskelegheitsgrad.
Det er også gode høve for skiaktivitet på breen om sommaren.
Fritidsfiske har eit aukande omfang i dei største vatna i kommunen etter betra organisering. Fiske på laks og sjøaure tilgjengeleg både i Stryneelva, Loelva og Oldenelva. Småviltjakt er lite tilrettelagt, men best organisert i Strynedalen Nord jaktområde.
Eit vidt spekter av nye friluftslivaktivitetar er under utvikling slik som fjellklatring, sykling i fjellet (Mountain Bike) og skiaktivitet i laussnø.
Kommunen, saman med organisasjonar, arbeider med å betre tilrettelegginga for friluftsliv i og kring Stryn sentrum. Det er også eit mål å betre tilhøva for bading.