Den kulturelle skulesekken er ei viktig satsing, som har som sitt fremste mål å gje born i grunnskulen ein kulturell kapital og ein kulturell kompetanse som vil gjere dei betre i stand til å møte utfordringane i samfunnet. Kunnskap og forståing for kunst og kultur er viktig og grunnleggjande kunnskap som det er viktig at barn og unge får med seg.
Kvar skule i kommunen har eigen kulturkontakt som har ansvar for DKS. Gjennom skuleåret får elevane i grunnskulen 2 fylkeskommunale kulturtilbod og 2 lokale kulturtilbod som er forankra i vedteken lokal plan for den kulturelle skulesekken i Stryn kommune. Alle kulturkontaktene er med i eit felles kulturforum i kommunen. I dette forum er og barnehagane representert, kulturskulen og biblioteket.
Kommunane i Nordfjord har utarbeidd eit eige manifest som og skal sikre at barnehagebarn skal få tilbod gjennom den lokale DKS.
Kontaktperson:Myrtel Janne Thomassen, tlf. 57 87 47 53
epost: myrtel.thomassen@stryn.kommune.no
For informasjon, planar, kulturkontakter osb, gå til Sophusportalen.