LokalhistorieAv bøker kan ein m.a. nemne Kyrkjebok for presten i Innvik som er utgjeven av sogegruppa i Oldedalen.
I 2004 gav Stryn kommune ut boka "Lang borte - men likevel nær" av Rasmus Sunde. Boka handlar om dei som utvandra frå Stryn kommune til USA i tida 1850-1962. Boka er å få kjøpt i bokhandlarar og på kommunesenteret.
BygdebokJakob Aaland si bygdebok, siste utgåve i 1973.
I 2004 utarbeidde høgskulen i Volda forprosjekt for ny bygdebok for Stryn kommune. Hovudprosjektet ny bygdebok er per i dag ikkje starta opp.