Stryn Heading US.jpg
Museum og kulturminne

Stryn kommune har i hovudsak eit museum, Faleide skulemuseum. I tillegg finst det private museum/samlingar i kommunen, som t.d. Jevnlid gardsmuseum og Nedrebergtunet sine samlingar. Det finst mange kulturminne i kommunen, og fleire av dei er no registrert gjennom kulturhistorisk atlas og leksikon for Sogn og Fjordane.

GARDEN LI – INNVIK
Garden Li er i dag ei privat stifting. Eit eige styre er ansvarleg for drift/vedlikhald av garden.
Leiar/kontaktperson for stiftinga: Dag Vanberg – Tlf. 57 87 43 87


FALEIDE SKULEMUSEUM
Faleide skulemuseum vart offisielt opna 29.mai 1998. Arbeidet med klargjering av museet starta våren 1989 og gjekk føre seg fram til opninga. Det er lagt ned eit stort frivilleg arbeid i museet, samt at både kommunale og statlege midlar er nytta for å fullføre arbeidet med å setje museet i stand. Faleide skulemuseum ligg på Faleide, ca 1 mil frå Stryn sentrum.
Føremålet er at Faleide skulemuseum skal vere eit offentleg museum for bevaring, dokumentasjon og formidling av Stryn kommune si felles skulehistorie.

Skulemuseet er i dag slik fysisk organisert:

  • Skulestove møblert i gamal stil
  • Stove og kjøken i 1.etg til bruk for samlingar og for å kunne handtere ekskursjonar og undervisningsopplegg i området
  • ”Museumskontor”
  • Tre rom + lager på loftet. Desse romma inneheld skulebibliotek – samling av eldre bøker frå skulane, lærebok og læremiddel-/undervisningsutstyr-samlingar.
  • Kjellar
  • Uthus
    For meir informasjon/besøk på museet ta kontakt med kulturavdelinga,
    tlf 57 87 47 53


    GALLERI LEITEN
    Galleriet opna 1.juli 1991, etter at kunstnaren Ansgar Leiten gav 59 arbeid til Stryn kommune. Kunstnaren sjølv plukka ut desse bilda frå den rike produksjonen sin, hovudsakleg frå dei ti siste åra hans. Vi er stolte av å eige og få presentere kunsten til denne særprega, fargerike og kanskje omstridde kunstnaren. Her er det ikkje snakk om å like eller ikkje like. Det vi byr på er ei oppleving – ei oppleving i fargar og form. Ein går ikkje likesæl frå denne utstillinga.

    Ansgar Leiten blei ein legende i levande live. Han sprudla av idear og innfall og var i full sving med pensel og palett heilt til han brått fall i frå 5.juli 1992, 82 år gamal.
    Delar av utstillinga er no flytta opp frå galleriet i 1.etg. og heng i foajeen i kulturhuset. Utstillinga er open måndag-fredag frå 15. juni til 1. september kl 10.00-14.00. Elles etter avtale med Stryn kulturhus.
    Kontaktperson: Torbjørn Bergset, tlf. 57 87 47 65, Myrtel Thomassen tlf. 57 87 47 53.

    KULTURMINNE
    Stryn kommune er rik på kulturminne/fornminne. Kommunane står framfor store utfordringar innafor miljø- og ressursforvaltning, også innafor kulturminneverdiane som er ein del av dette arbeidet. Kulturminne og kulturmiljø er ein del av omgjevnadene våre, ein del av landskapet og bebyggelse. Dei bidreg med kunnskap om tidlegare tider, dei gjer opplevingane våre rikare, både fysisk og mentalt. Samstundes er dei ein ressurs vi ikkje kan fornye, og som vi difor lyt ta godt vare på og forvalte til det beste for komande generasjonar.

    Kulturminner og kulturmiljø representerer vårt kollektive minne om tida som har gått, og korleis det var å vere menneske før og korleis samfunnet har vore organisert.

    Plan- og bygninslova (plb) er kommunen sitt viktigaste verktøy for å kunne ta vare på kulturminne og kulturmiljø. Saman med plb er kulturminnelova (kml.) og naturvernlova dei to lovene som vert brukt for å sikre kulturminne og kulturmiljø. Kulturminner frå før 1537 vert av kulturminnelova gjeve status som automatisk freda kulturminne.
    Stryn kommune har per i dag ikkje vedteken kommunedelplan for kulturminner.

    I samband med det nasjonale kulturminneåret i 1997 vart det samla inn informasjon/dokumentasjon om mange kulturminne i kommunen. I Stryn kommune vart garden Segestad peika ut som vårt kulturminne nr 1.

    SINGERHEIMEN – OLDEN
    Kontaktperson: Lyngve Nesje – Tlf. 57 87 31 06

    NORDFJORD FOLKEMUSEUM
    Direktør: Aslaug Nesje Bjørlo

    Kulturhistorisk atlas og leksikon Sogn og Fjordane
  • Publisert av Myrtel J. Thomassen. Sist endra 12.02.2010
    Museum og kulturminne
    KontaktpersonTelefonEpost
    Myrtel Thomassen57 87 47 53 postmottak@stryn.kommune.no
    • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
    • Søk SkilleTegn
    • Tips ein venn SkilleTegn
    • Kontakt oss SkilleTegn
    • Legg til favoritter
    Stryn kommune
    Tonningsgata 4
    6783  STRYN
     
    E-post : postmottak@stryn.kommune.no
     
     
    Telefon : 57 87 47 00
         
    Admin
    Validator
    Levert av ACOS AS
    Stryn kommune, Tonningsgata 4, 6783 Stryn Tlf. 57 87 47 00 postmottak@stryn.kommune.no