Stryn Heading US.jpg
 
Stryn Nasjonalparkkommune

Stryn kommune fekk tildelt status som nasjonalparkkommune frå Direktoratet for naturforvaltning 04.03.08. I tillegg til Stryn er det berre Luster som har fått slik status i Sogn og Fjordane. Desse to kommunene utgjer det meste av arealet i Jostedalsbreen nasjonalpark.

Langes riksveg 15 kan ein stikke innom fleire kommuner med slik status på rad og rekke; Skjåk, Lom, Vågå og Sel. Desse har fått sin status ved å vera verskap til nasjonalparkane Reinheimen, Breheimen, Jotunheimen og Rondane.

Utvalskriteriet for at Stryn kommune fekk denne statusen var at minimum 30% av kommunen sitt areal er verna som nasjonalpark eller minimum 300 km2 er verna som nasjonalpark. Alt vårt areal ligg i Jostedalsbreen nasjonalpark.

Stryn har mange kjente innfallsportar til nasjonalparken; Både Briksdalen, Lodalen/Bødalen og Tystigbreen. Men vi har også Sunndalen og Erdalen, i tillegg til Fosdalen.

Intervju-undersøkingar har vist at Jostedalsbreen, ved sidan av Hardangervidda, er den mest kjente og besøkte nasjonalparken i Noreg av turistar.

Stryn kommune har ikkje søkt om å etablere nasjonalparklandsby.

Publisert av Odd Rønningen. Sist endra 21.04.2009
  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter
 
 
 
Admin
Validator
Levert av ACOS AS
Stryn kommune, Tonningsgata 4, 6783 Stryn Tlf. 57 87 47 00 postmottak@stryn.kommune.no