Eigenberedskap

Det er mykje kvar og ein av oss kan gjere for å ta godt vare på oss sjølve og dei næraste i krisesituasjonar.

Du er ein del av Norges beredskap

God eigenberedskap er ei investering i tryggleik for deg og dine næraste. I tillegg bidreg du til at styresmaktene kan prioritere dei som treng mest hjelp.

Ved å vere førebudd på å klare deg sjølv i ei veke, står du betre rusta til å handtere alt frå mindre forstyrringar i kvardagen til større kriser. Du får òg betre tid til å planleggje vegen vidare dersom krisa skulle vare over lengre tid.

Dette bør du ha i ditt eige beredskapslager:

  • Reint drikkevatn lagra på kanner eller flasker
  • Mat som toler lagring i romtemperatur
  • Grill, kokeapparat eller stormkjøkken
  • Varme klede, pledd, dyner og soveposar
  • Fyrstikker og stearinlys
  • Ved dersom du har vedomn eller peis
  • Gass- eller parafinomn som er godkjend for innandørs bruk, som eit alternativ til vedfyring
  • Avtale om overnatting dersom du ikkje har alternativ oppvarming
  • Lommelykter eller hovudlykter som går på batteri, sveiv eller solceller
  • DAB-radio som går på batteri, sveiv eller solceller
  • Legemiddel og førstehjelpsutstyr
  • Jodtablettar (gjeld barn og vaksne under 40 år, gravide og ammande)
  • Hygieneartiklar som våtserviettar, handsprit, bleier, toalettpapir og menstruasjonsprodukt
  • Batteri og opplada batteribank
  • Litt kontantar og fleire betalingskort
  • Mat og vatn til kjæledyr
  • Ei liste på papir med viktige telefonnummer, til dømes naudnummer, legevakt, veterinær, familie, vener og naboar
     

Jodtablettar

Nokre av oss bør ha jodtablettar heime. Dersom du er under 40 år, gravid, ammande eller har barn under 18 år som bur heime, tilrår Direktoratet for strålevern og atomtryggleik (DSA) at du har jodtablettar tilgjengeleg.

Tablettane kan verne mot radioaktivt jod ved atomulukker. Dei skal berre takast etter råd frå styresmaktene.

Jodtablettar kan kjøpast reseptfritt på apotek. Når du kjøper jodtablettar, får du informasjon om når tablettane skal takast, kven som skal ta dei, og kor mykje som skal takast.

Du finn meir informasjon om jodtablettar på nettsidene til Direktoratet for strålevern og atomtryggleik (DSA).

 

Informasjonspunkt ved bortfall av straum og mobilnett

Dersom straum, internett og mobilnett sluttar å fungere over lengre tid, kan du få nødvendig hjelp på bestemte stader i kommunen. 

Fysiske informasjonspunkt

Ved desse informasjonspunkta kan du få oppdatert informasjon og hjelp frå representantar frå kommunen.

Primære møtepunkt: Stryn kulturhus, Tinggata 18, Stryn sentrum. 
Vikane omsorgssenter, Dragesetvegen 54, Innvik.

 

Råd om eigenberedskap på fleire språk

Tenk gjennom kva kriser og ulukker som kan råke deg der du bur, og førebu deg så godt du kan.

Dersom straumen går eller du blir isolert på grunn av vêret, bør du vere førebudd på å klare deg sjølv i minst éi veke.

Du finn meir informasjon og råd om eigenberedskap på fleire språk på sikkerhverdag.no.