Gjennom Varslemeg.no sørgjer vi for at du får beskjed via telefon eller SMS ved planlagt vedlikehald av leidningsnettet, uventa vassavstenging eller tilråding om å koke drikkevatnet. Også i andre situasjonar kan det vere aktuelt å bruke systemet for å nå ut til innbyggjarane med viktig informasjon.
Avhengig av kor alvorleg hendinga er, og kva type hending det gjeld, sender vi varsel som SMS, automatisert talemelding til kontaktpersonar som berre er registrerte med fasttelefon, og/eller e-post. Du vel sjølv korleis du ønskjer å få varsel.
Korleis finn kommunen telefonnummeret ditt?
Kontaktinformasjon til privatpersonar blir henta frå det nasjonale kontaktregisteret. For verksemder blir kontaktinformasjonen henta frå Enhetsregisteret.
Innbyggjarar under 16 år får ikkje varsel.
Sjekk om du får varsel
Du har sjølv ansvar for å kontrollere at du er rett registrert på Varslemeg.no
Her kan du òg registrere deg på ei adresse du ikkje er folkeregistrert på. Dette kan til dømes vere aktuelt dersom du ønskjer å få varsel ved hendingar som råkar fritidseigedom, studentbustad eller liknande.
Dersom telefonnummeret ditt er registrert på arbeidsgjevaren din, må du sjølv leggje det til på den folkeregistrerte oppføringa di for å få varsel om hendingar på bustadadressa di.
Hemmeleg nummer?
Databasen fangar ikkje opp personar med hemmeleg nummer. Det betyr at dei ikkje får varsel gjennom dagens system. Dersom du har hemmeleg nummer og ønskjer å få varsel, kan du registrere deg i databasen. Oppføringane i databasen er hemmelege for andre.
Blir verksemder òg varsla?
Adressedatabasen som blir brukt ved varsling, inneheld òg adresser og telefonnummer til verksemder.
Det kan vere vanskeleg å nå fram til rett person i ei verksemd. Vi tilrår derfor at verksemda endrar eller legg til telefonnummer og kontaktpersonar som skal varslast, ved å logge inn på Varslemeg.no.
Merk at varsling til fasttelefon skjer gjennom automatiserte telefonoppringingar. Telefonnummer med automatisk svarteneste eller tasteval for vidaresending eignar seg derfor dårleg som kontaktnummer for næringsverksemder.
Dersom verksemda di er registrert med eit slikt nummer, bør nummeret endrast for å sikre at verksemda får eventuelle varsel.
Varslingssystemet er meint som ei tryggleik for verksemda, institusjonen eller organisasjonen di. Det er derfor viktig at rett kontaktperson er registrert på Varslemeg.no.
Sårbare abonnentar
Verksemder og personar med særskilt behov for varsling kan registrere adressa si som sårbar abonnent på Varslemeg.no
Tenesta er tilgjengeleg for særleg sårbare abonnentar, til dømes:
- Alders- og sjukeheimar
- Legar og sjukehus
- Næringsmiddelindustrien
- Skular og barnehagar
- Andre verksemder og institusjonar med særskilt behov for varsling
Naudvarsel
Naudvarsel er ein annan måte å varsle på. Desse meldingane blir sende ut av politiet eller Sivilforsvaret direkte til kompatible mobiltelefonar i det aktuelle området. Naudvarsel blir brukt ved akutte og alvorlege hendingar.
Du treng ikkje registrere deg for å få naudvarsel. Dette er ei eiga varslingsteneste som er uavhengig av varslingssystemet kommunen nyttar.