Psykososialt kriseteam gir støtte etter alvorlege hendingar, som ulukker, trusselsituasjonar eller plutselege dødsfall. Vi tilbyr samtalar, råd og rettleiing til dei som er råka, pårørande, vitne og hjelparar. Tilbodet gjeld for barn, unge og vaksne.
Alvorlege hendingar
Alvorlege hendingar kan til dømes vere:
- Katastrofar
- Ulukker
- Brann
- Trusselsituasjonar
- Brå dødsfall (drap, sjølvmord og liknande)
Rett etter ei hending kan alt kjennast uverkeleg. Vi menneske kan reagere ulikt på den same hendinga. Nokre reaksjonar kjem med ein gong, medan andre kan kome etter kvart.
Umiddelbare reaksjonar
- Kroppslege reaksjonar: I ein faresituasjon kan kroppen bli mobilisert fysisk. Dette kan føre til auka muskelstyrke, raskare reaksjonsevne og mindre smertekjensle. Andre kroppslege reaksjonar kan vere hjartebank, pustevanskar, svimmelheit, sveitting og kraftløyse.
- Endra medvitstilstand: I den akutte fasen kan mange oppleve ei kjensle av at situasjonen er uverkeleg, og at tidsopplevinga blir endra.
- Forvirring og ubesluttsomheit: Du kan oppleve å vere usikker, forvirra eller ha motstridande kjensler.
- Fråkopling av kjenslemessige reaksjonar: Du kan kjenne deg «nummen» eller oppleve at du står litt på sida av deg sjølv.
Vanlege reaksjonar
- Gjenopplevingar: Mange gjenopplever hendinga gjennom bilete eller andre sanseinntrykk. Slike detaljerte gjenopplevingar kan vere svært plagsame og skremmande.
- Unngåande åtferd: I nokre tilfelle kan du medvite eller umedvite unngå stader, situasjonar, tankar og tema som minner deg om hendinga.
- Uro: Uro og engstelse er vanlege reaksjonar. Dette kan vere knytt til gjenopplevingar av hendinga eller eigne førestillingar og tankar.
- Kroppslege reaksjonar: Angst og uro kan føre til muskelspenningar, hovudverk, magesmerter, fordøyingsproblem eller meir diffuse kroppslege plager.
- Søvnproblem: Du kan få vanskar med å sovne, urolig søvn eller mareritt. Du kan òg oppleve auka søvnbehov.
- Endra forhold til mat: Matlysta kan endre seg. Nokre et meir enn vanleg, medan andre mistar matlysta.
- Endringar i aktivitetsnivå: Nokre opplever handlingslamming og kraftløyse, medan andre reagerer med auka aktivitet og rastløyse.
- Konsentrasjon: Konsentrasjonsvanskar og svekt hukommelse er vanleg. Dette kan føre til at det blir vanskelegare å følgje opp arbeid eller skule.
- Tristheit: Det er vanleg å reagere med tristheit og fortviling. Reaksjonen kan kome når du forstår kva som har skjedd, og kva konsekvensar det kan få for livet vidare.
- Sjølvbebreiding: Du kan oppleve plagsame tankar om at du sjølv burde ha handla annleis. Dette kan føre til skuldkjensle.
- Sinne: Du kan oppleve meir frustrasjon, sinne og store humørsvingingar. Det er gjerne dei næraste som merkar dette mest, medan du kan klare å halde reaksjonane tilbake overfor andre.
- Sorg: Sorg er ofte nært knytt til kjensla av tap. Døme på tap kan vere tap av nære personar, eiga helse eller kjensla av tryggleik.
Kva kan du gjere sjølv?
- Snakk med menneske du kjenner deg trygg på, og del tankar og kjensler rundt det som har skjedd. Du treng ikkje fortelje om hendinga til alle som spør.
- Ein god struktur i kvardagen kan bidra til at du raskare får kontroll over livet igjen. Prøv gjerne å halde fram med arbeid, skule, trening og andre aktivitetar.
- Ver varsam med alkohol og roande legemiddel, fordi dette kan utsetje og forstyrre bearbeidinga av hendinga.
- Ver raus med deg sjølv. Gjer ting du synest er hyggelege, og ver saman med menneske som gir deg energi.
- Ta kontakt med fastlegen din dersom reaksjonane varer ved og ikkje blir mindre etter den første månaden, eller dersom dei fører til store belastningar i kvardagen.
Råd til deg som har barn
Skap tryggleik rundt barna
- Ver rolege vaksne.
- Gi konkret, tilstrekkeleg og relevant informasjon om det som har skjedd. Tilpass informasjonen til alderen og modenheita til barnet.
- Unngå unødvendig fråskiljing mellom barnet og nære omsorgspersonar.
- Oppretthald dei daglege rutinane.
- Gi barnet fysisk og kjenslemessig nærleik.
- Ta imot og aksepter reaksjonane og kjenslene til barnet.
- Søk støtte i ditt eige og barnet sitt nettverk.
- Gi informasjon til andre nære vaksne, til dømes i skulen og barnehagen.
Kva kan det psykososiale kriseteamet tilby?
Det psykososiale kriseteamet kan:
- Gi hjelp og råd i tida etter hendinga.
- Tilby individuelle samtalar og gruppesamtalar.
- Ta kontakt med andre instansar og vise vidare ved behov.
Journalføring og teieplikt
Når du får helsehjelp frå psykososialt kriseteam, har vi plikt til å føre journal. Det betyr at vi skriv notat frå møta og samtalane med deg.
Journalopplysningane er strengt konfidensielle og blir lagra i ein database som berre det psykososiale kriseteamet i kommunen nyttar. Du kan få kopi av journalen din dersom du ønskjer det – ta kontakt med oss.
Sjå òg personopplysningslova, forvaltningslova og helsepersonellova for informasjon om dei juridiske rammene.
Ta kontakt med psykososialt kriseteam
Kontakt legevakta på telefon 116 117.
Slik går du fram
- Legevakta tek imot førespurnader frå innbyggjarar og frå dei andre naudetatane ved alvorlege hendingar.
- Legevakta vurderer deretter om det er behov for å kople inn kriseteamet. Dersom det er aktuelt, varslar legevakta det psykososiale kriseteamet.
- Det psykososiale kriseteamet tek kontakt med den eller dei det gjeld.
Sist endra 06.11.2026 11.01