Bondens nettverk

Ingen bonde skal måtte stå åleine når livet blir krevjande. Å vere bonde inneber eit stort ansvar – for garden, dyra, drifta og familien. Arbeidsdagane kan vere lange, ansvaret er stort, og mange utfordringar må handterast åleine. Av og til oppstår situasjonar som blir så krevjande at ein treng hjelp og støtte frå andre.

Bondens nettverk Nordfjord er eit tryggleiksnett for bønder som opplever personlege kriser, alvorlege utfordringar eller særleg krevjande periodar i livet.

Gjennom eit samarbeid mellom landbruksnæringa, fagorganisasjonar og andre relevante aktørar skal nettverket bidra til at bønder får hjelp når dei treng det – både før situasjonen blir kritisk, og når ei krise har oppstått. Målet er å gjere kvardagen tryggare, førebygge psykisk uhelse og yte hjelp ved personlege kriser, ulykker eller vanskelege livssituasjonar.

Døme på utfordringar/personlege kriser som kan løyse ut særskilt hjelpebehov kan vere (ikkje uttømande oppramsing):

  • Utmatting/trøyttleik 
  • Helseproblem 
  • Rusproblem 
  • Økonomiske problem 
  • Hendingar som øydelegg store/viktige deler av bondens driftsapparat, t.d. brann, flaum og skred 
  • Samlivsbrot 
  • Dødsfall i nær familie


Nettverket skal medverke til å samordne dei rådgjevings-, støtte- og helsetenestene som bønder i Nordfjord nyttar. Det er etablert ei ressursgruppe med personar tilknytt nettverket som bønder skal kunne kontakte for å få hjelp i samband med utfordringar og personlege kriser. Uavhengig av kven som vert kontakta i nettverket, skal bonden bli høyrd og få eigna hjelp/rettleiing av dei aktørane som er relevante for den aktuelle utfordringa/krisa. Nettverket yter hjelp med mål om å førebygge personlege og dyrevelferdsmessige tragediar.

Ressursgruppa skal også kunne nyttast av naboar, pårørande, og andre, som er bekymra for at ein bonde står i ei krise/ein utfordrande situasjon, som bonden truleg treng hjelp til å handtere.

Nettverket er eit lågterskel tilbod og støtteapparat som kan yte hjelp til bønder som møter særskilt krevande utfordringar og/eller personlege kriser. Det er eit supplement til kommunen sitt kriseteam, men ikkje ei erstatning for det etablerte kommunale kriseteamet.

Ressursgruppe - nettverket si førstelineteneste

Er du bonde, og treng hjelp sjølv? 

Eller er du pårørande, nabo eller bekjent som er uroa for at ein bonde står i ei krise eller utfordrande situasjon. 

Ta kontakt med nokon i ressursgruppa. Dei vi hjelpe til med å vidarformidle meldingar, og sørge for at riktig hjelpeapparat vert kopla inn.  

Medlemmane i gruppa har teieplikt. 

Samarbeidavtale

Bondens nettverk er etablert i samarbeid med dei lokale faglaga og organisasjonane i  og rundt næringa. 

Avtalepartane har signert ei samarbeidsavtale for nettverket. 

Samarbeidsavtala finn du her(PDF, 479 kB)