Må du sende byggesøknad?

Her finn du informasjon om ulike byggetiltak og kva krav som gjeld for tiltaket du ønskjer å setje i gang.

Bad, vaskerom og våtrom

Bygging av våtrom krev kompetanse og bør utførast av kvalifiserte føretak. Bygging av nye våtrom kan vere søknadspliktig etter plan- og bygningslova.

 

Badstove

I Norge har vi lange tradisjonar for bruk av badstove, og dei siste åra har interessa for frittståande badstover auka betydeleg. Men visste du at etablering av ei badstove kan vere søknadspliktig?
 

Basseng og hagedam

Boblebad, badestamp eller symjebasseng – kva kan du gjere i eigen hage, og når må du søkje kommunen om løyve?
 

Biloppstillingsplass og parkeringsplass

Etablering av parkering og biloppstillingsplass på ubebygd areal må vere i samsvar med gjeldande arealplanar for området.
 

Bruksendring

Å endre bruken av eit rom frå eitt godkjent formål til eit anna blir kalla bruksendring. Dette kan krevje søknad og løyve.
 

Brygger i vatn og sjø

Hovudregelen er at det ikkje er tillate å utvide eller etablere nye brygger. Dersom tiltaket kjem allmenta til gode, kan det likevel vere mogleg å søkje om dispensasjon.
 

Campingvogn og fritidsbåt

Lagring av campingvogn på bygd eigedom er unntatt frå søknadsplikt.
 

Deling av eigedom

Ønskjer du å dele eigedomen din og skilje ut ei ny tomt, må du søkje om oppretting av ny grunneigedom.
 

Dispensasjon

Ein dispensasjon er eit unntak frå reglane. Dersom du ønskjer å gjennomføre eit tiltak som er i strid med plan- og bygningslova, forskrifter eller gjeldande planar, må du søkje om dispensasjon.

 

Driftsbygning i landbruket

Ei driftsbygning er ein bygning som er nødvendig for drifta av ein landbrukseigedom. Dette kan vere bygningar for jordbruk, husdyrhald, skogbruk og anna landbruksverksemd.

 

Fasadeendring

Skal du endre fasaden på ein bygning? Om du må søkje eller ikkje, kjem mellom anna an på kor stor endringa er, kva bygning det gjeld og kva planar som gjeld for eigedomen.

 

Garasje, carport, bod, hagestove og anneks

Skal du bygge garasje, carport, bod, hagestove eller anneks? Her finn du informasjon om når du kan bygge utan å søkje, og når du må sende byggjesøknad.

 

Gjerde, levegg og støyskjerm

Skal du setje opp gjerde, levegg eller støyskjerm? Her finn du informasjon om kva reglar som gjeld, og når tiltaket er unnateke frå søknadsplikt.

 

Hybel og sjølvstendig bueining

Skal du etablere ein hybel eller ei sjølvstendig bueining? Her finn du informasjon om søknadsplikt, tekniske krav og kva du må gjere før du startar.

 

Hytte og fritidsbustad

Skal du bygge ny hytte eller gjere endringar på ei eksisterande fritidsbustad? Her finn du informasjon om kva reglar og planar som gjeld.

 

Leige ut hus

Ønskjer du å leige ut heile eller delar av bustaden din? Her finn du informasjon om tekniske krav, søknadsplikt og nyttige råd før du startar.

 

Mikrohus

Mikrohus er små bustader på inntil 30 m². Her finn du informasjon om kva krav som gjeld, når du kan søkje sjølv og kva reglar du må følgje.

 

Miljø- og berekraftstiltak for bustadbyggjarar

Skal du bygge nytt eller pusse opp? Her finn du råd om berekraftige løysingar, støtteordningar og rettleiing for energieffektive og klimavennlege bygg.

 

Mudring

Skal du mudre i sjø eller vassdrag? Her finn du informasjon om søknadsplikt, nødvendige løyve og kva reglar som gjeld.

 

Oppdeling eller samanslåing av bustadar

Skal du dele opp eller slå saman bustadar, kan du ikkje søkje sjølv. Du må søkje med hjelp frå eit ansvarleg føretak som står som ansvarleg søkjar.

 

Skorstein, eldstad og utepeis

Skal du rehabilitere eller bygge skorstein, pipe, eldstad eller utepeis? Her finn du informasjon om kva reglar som gjeld, og om du må søkje før du kan starte arbeidet.

 

Rive bygg

Skal du rive eit bygg? Før du startar, må du kontrollere at tiltaket er i samsvar med plan- og bygningslova, gjeldande planar og anna regelverk. I nokre tilfelle må du søkje kommunen før du kan rive.

 

Solcelleanlegg

I mange tilfelle er det unnateke søknadsplikt å bygge solcelleanlegg flatt på tak på einebustad eller garasje. Du må likevel kontrollere at tiltaket er i samsvar med gjeldande planar og regelverk.

 

Støttemur

Ei støttemur blir bygd for å halde på eller sikre terreng. Om du må søkje, kjem mellom anna an på kor høg muren er og kvar han skal byggjast.

 

Terrenginngrep

Terrenginngrep omfattar mellom anna graving, fylling, sprenging og andre endringar av terrenget. Mindre tiltak kan vere unnateke søknadsplikt, medan større terrenginngrep krev at du søkjer.

 

Tilbygg, påbygg eller kjellar

Skal du bygge tilbygg, påbygg eller kjellar? Kva du kan bygge utan å søkje, og kva som krev søknad, avheng av storleik, plassering og kva eigedom tiltaket gjeld.

 

Veranda, balkong, terrasse og altan

Skal du bygge veranda, balkong, terrasse eller altan? Om tiltaket er unnateke søknadsplikt, eller om du må søkje, kjem mellom anna an på storleik, høgd og plassering.

Artikkelliste