På grunn av stor pågang og mange byggesaker avslutta vi den faste telefontida for byggesak. Endringa gjer at vi kan bruke meir tid på å handsame både nye og pågåande saker. For å styrkje kapasiteten har vi sett inn ekstra ressursar for å kunne handsame saker meir effektivt.
Du som ikkje har ein søknad inne hos kommunen, kan bestille samtale for rettleiing før du sender søknaden. Bestillinga gjer at vi kan førebu oss på spørsmåla dine og sørgje for at du får rettleiing frå ein saksbehandlar med rett fagkompetanse. Slik får du målretta hjelp, samtidig som vi brukar ressursane våre på ein betre måte.
Bestilling av samtale (15 min) er tilgjengeleg tysdag føremiddag og torsdag ettermiddag.
Førehandskonferanse eller rettleiingssamtale?
Stryn kommune tilbyr både førehandskonferanse og rettleiingssamtale på inntil 15 minutt med byggesaksbehandlar.
Tilboda har ulike formål:
Førehandskonferanse
Ein førehandskonferanse er eit formelt møte etter plan- og bygningslova. Dette er aktuelt dersom du ønskjer viktige spørsmål om tiltaket ditt avklart før du søkjer eller for meir omfattande eller kompliserte byggjeprosjekt, der det er behov for å avklare rammer og føresetnader før ein sender inn søknad.
På ein førehandskonferanse kan ein mellom anna få avklart:
- krav til søknad og dokumentasjon
- planstatus og aktuelle regelverk
- behov for dispensasjonar
- vidare saksgang og behandling
Det blir skrive referat frå møtet.
Meir om førehandskonferanse
Bestill førehandskonferanse
Rettleiingssamtale
Ei rettleiingssamtale er eit kortare og meir uformell samtale, der du kan få enkel rettleiing om byggesaksreglar eller kvar du finn informasjon. Samtala er ikkje ein del av den formelle sakshandsaminga og erstattar ikkje ein førehandskonferanse.
Rettleiingssamtala eignar seg til dømes for:
- enkle spørsmål om byggetiltak
- avklaring av kva søknadstype som kan vere aktuell
- rettleiing om korleis du kjem vidare i saka
For at samtala skal bli mest mogleg nyttig, ber vi om at du opplyser kort om kva tiltaket gjeld når du bestiller tid. Då kan saksbehandlar førebu seg og gi deg betre rettleiing.
Finn svar på nett først
Mange av dei generelle spørsmåla vi får om byggjesak, har vi allereie informasjon om på nettsidene våre. Vi oppmodar derfor om at du sjekkar nettsidene før du bestiller time.
Du kan mellom anna finne informasjon om:
- kva du kan bygge utan å søkje
- kva du må søkje om
- korleis du går fram for å søkje
- kva dokumentasjon søknaden må innehalde
- saksbehandlingstider
- vanlege spørsmål og svar
Du kan også spørje Kommune-Kari, chat-roboten vår, som du finn nede til høgre på nettsida vår.
Sjekk dokumentasjonskrava før du søkjer
Før du sender inn ein byggesøknad, anbefaler vi at du bruker sjekklista vår for å finne ut kva dokumentasjon som er nødvendig for den aktuelle søknadstypen.
Ein komplett søknad frå starten gjer det enklare for oss å behandle saka og kan bidra til kortare saksbehandlingstid.
Du kan følgje saka di
Du kan følgje offentlege byggesaker på postlista til Stryn kommune
Her finn du dokument og informasjon som er offentleg tilgjengeleg.
På nettsidene til Direktoratet for byggkvalitet (DIBK) finn du også mange nyttige digitale vegvisarar, svar på ofte stilte spørsmål og informasjon om regelverket.
Saksbehandlingstid
Som hovudregel er saksbehandlingsfristen:
2 veker
- Førehandskonferansar.
I periodar med mange saker kan handsamingstida vere lenger.
3 veker
- Igangsetjingsløyve
- Mellombels bruksløyve
- Ferdigattest
- Byggjesøknadar der alle vilkåra i plan- og bygningslova § 21-7 andre og tredje ledd er oppfylt
- Endringssøknadar der alle vilkåra i plan- og bygningslova § 21-7 andre og tredje ledd er oppfylt
Vilkåra i plan- og bygningslova § 21-7 andre og tredje ledd:
- Søknad med ansvarsrett (med hjelp frå fagfolk) der søknaden er fullstendig, tiltaket er i samsvar med lov, det ikkje ligg føre merknader frå naboar eller gjenbuarar, og det ikkje er nødvendig med løyve, samtykke eller uttale frå andre myndigheiter.
- Søknad utan ansvarsrett (på eiga hand) der søknaden er fullstendig, tiltaket er i samsvar med lov, det ikkje ligg føre merknader frå naboar eller gjenbuarar, og det ikkje er nødvendig med løyve, samtykke eller uttale frå andre myndigheiter.
Dersom tiltakshavar ikkje har høyrt frå kommunen innan utløpet av fristen på 3 veker, kan tiltakshavar i slike saker sjå løyve som gitt, jf. reglane om tidsfrist for behandling av søknad. Dette gjeld likevel ikkje mellombels bruksløyve. For mellombels bruksløyve medfører ikkje fristoverskriding at tiltaket kan takast i bruk.
Det er likevel tiltakshavar sitt eige ansvar å forsikre seg om at vilkåra for at løyve kan reknast som gitt, faktisk er oppfylte. Du kan framleis få mangelbrev, avslag eller førespurnad om omprosjektering.
Dersom vilkåra ikkje er oppfylte, kan ikkje manglande svar frå kommunen i seg sjølv reknast som eit løyve.
12 veker
Kommunen skal i utgangspunktet avgjere byggesøknadar innan 12 veker. Fristen gjeld for alle søknadar som ikkje fell inn under fristen på 3 veker over.
- Rammeløyve
- Byggesøknadar der alle vilkåra i plan- og bygningslova § 21-7 andre og tredje ledd ikkje er oppfylt
- Endringssøknadar der alle vilkåra i plan- og bygningslova § 21-7 andre og tredje ledd ikkje er oppfylt
Når startar saksbehandlingstida?
Saksbehandlingstida startar når kommunen har motteke ein fullstendig søknad, det vil seie ein søknad med all nødvendig dokumentasjon.
Tid spart for deg – og tid spart for oss
Vi veit at det kan vere godt å kunne ringje kommunen når du har spørsmål. Samtidig har vi no stor pågang av byggesaker, og vi må prioritere ressursane våre til saksbehandling.
Ved bestilling av samtale kan vi organisere rettleiinga betre og førebu oss på kva du treng hjelp til.
Vi håpar den nye ordninga vil gi betre og meir målretta hjelp – samtidig som vi får meir tid til saksbehandling.