Tilsyn spreidde avløp

Tilsyn med utslepp mindre enn 50 pe (Kapittel 12 i Forurensingsforskrifta).


 

Forureiningsregelverket gir kommunane plikt til å føre tilsyn med utslepp frå spreidde avlaup. Sjølv om dei spreidde utsleppa er små kvar for seg, så bidreg dei likevel samla med ei ureining som kan vere skadeleg for helse og miljø. 

Miljødirektoratet sin rettleiiar har meir informasjon om tilsyn med utslepp som er mindre enn 50 pe.

I tillegg til å følgje opp avvik som vert rapporterte inn frå anlegga, arbeider tilsynssamarbeidet systematisk med tilsyn etter ein eigen tilsynsplan.