Grunnskulane

Stryn kommune har ansvaret for grunnskuleopplæringa i kommunen. I Stryn kommune er det 7 grunnskular.

Stryn har eit desentralisert skulemønster med fleire små skular. I Stryn sentrum ligg ein barneskule og ein ungdomsskule.

I Olden er der ein skule med 1. - 10. klasse. Ungdomstrinnet ved Olden skule samlar elevar frå skulane i Loen, Vikane og Olden.

Dei fire andre barneskulane ligg i bygdene Blaksæter, Hjelledalen, Loen og Innvik.

Fire skular er samlokalisert med barnehage. Det vil seie at skule og barnehage er samla, og med felles leiing.

Fem av skulane har skulefritidsordning.

Elevtalet i kommunen er omlag 910 elevar.
 

Stryn kommune har mellom anna som mål:

- at alle elevar og barn skal få god opplæring ut frå eigne føresetnadar
- at alle elevar og barn skal ha eit godt læringsmiljø med nulltoleranse for mobbing, vald og truslar
- at elevar og barn med minoritetsspråkleg bakgrunn skal få god integrering
- at alle elevar og barn skal vere fysisk aktive

 

Skulane ligg under kommunalsjef skule og kultur sitt ansvarsområde.

Byte av skule

Elevpermisjon – Føring av fråvær i grunnskulen

Informasjon om retten til opplæring i samisk (PDF, 209 kB)

Registreringsskjema for ønske om opplæring i samisk (PDF, 131 kB)