Viltforvaltning

Ansvar i høve viltet er lovregulert i viltlova og naturmangfoldlova. Kommunen har mellom anna ansvar for å ta vare på leveområda til viltet gjennom eiga planlegging etter plan- og bygningslova.

Hjorteforvaltning

Jaktsesongen for hjort er frå 1. september til og med 23. desember.

Når det gjeld viltforvaltning har Stryn kommune mest arbeid med hjorteforvaltninga. Kommunen skal ha vedteken plan med kommunale mål for forvaltning av hjortevilt. I Stryn har vi no 11 ulike bestandsplanområde som forvaltar hjorten i fellesskap.

Informasjon om jakta 2023 (PDF, 124 kB)

Kommunale mål for forvaltninga av hjort i Stryn kommune (PDF, 127 kB)

Her kan du lese om merkeprosjektet i Nordfjord frå 2000-2007 (PDF, 2 MB)

Forvaltningsplan for hjort i Stryn kommune 2022-2030 (PDF, 3 MB)

 

Kontroll og fellingsavgift

På grunn av ressursbruken av kjeveinnsamling, vil det ikkje bli innlevering av kjever til Stryn kommune i 2023. Det er opp til valda/bestandsplanområda å kontrollere felte dyr og kvalitetsikre opplysningane som blir lagt inn i hjorteviltregisteret.

Jamfør forskrift om forvaltning av hjortevilt skal følgjande vere registrert innan 14 dager etter jakttidens slutt (innan 6. januar):
• Sett, skutt og slaktevekter skal vere lagt inn digitalt.
• Valdleiar skal ha godkjent registreringane til jaktfelta (sett, skutt og slaktevekter) i
hjorteviltregisteret.

Avgifta er kr 180 for kalv og kr 340 for vakse dyr. Avgifta skal betalast på etterskot. Kommunen sender faktura til valda på bakgrunn av fellingsrapportane.

For interesserte jegerar som vil oppdatere seg på hjorteforvaltninga, anbefaler vi Hjorteviltregisteret eller vår eiga side  Viltstatistikk.

 

Småviltjakt

I Stryn kommune har vi eitt samanhengande stort jaktområde med jaktkortsal for ålmenta – Strynedalen Nord jaktområde. Jaktkort er å få kjøpt mellom anna ved sportsforretningar i Stryn sentrum.

 

Jegerprøva

Påmelding til den årlege jegerprøva skjer til Miljødirektoratet si nettside etter annonsering i lokalavisa, Fjordingen. Kommunen er ansvarleg for den teoretiske eksamenen som blir arrangert i mai månad.

Jegerprøven, Miljødirektoratet

Kontaktpersonar i forbindelse med jegerprøva:

Teoretisk jegerprøveeksamen
Pål Trøsken 413 27 822
Rasmus Gausemel 480 01 663

Praktisk del av jegerprøva
Lasse Nedreberg 482 14 211