Stryn 2035 - no kan du medverke

Vi skal skape framtida til Stryn kommune i fellesskap, og vil no høyre frå dykk! Kom med dine innspel til samfunnsdelen! Fristen for å sende inn innspel er 30. april.

Spørjeundersøking     

Innspelsportal

Datoar for framtidsmøta:

Utvik 3. april, stad: Urdabrunn, kl 19-21

Nordsida 8. april Nordsida skule og barnehage kl 19-21

Innvik 9. april, Vikane skule, kl 19-21

Oppstryn 11. april, Trudvang, kl 19-21

Olden 16. april, Olden skule, kl 19-21

Loen 17. april, Loen Bygdehus, kl 19-21

Stryn og Markane 23. april, Stryn kulturhus kl 19-21

 

Illustrasjon av framdriftsplan Stryn mot 2035 - Klikk for stort bilete

 

Framdriftsplan 2024:

 

Planprogram               Kunnskapsgrunnlag (PDF, 14 MB)

 

KVA ER SAMFUNNSDELEN? 
For å bli den kommunen vi ønskjer å vere, må vi ha nokre mål og planar å strekke oss etter. Kommuneplanen legg grunnlaget for korleis vi ønskjer å ha det i framtida. Den inneheld tema som er viktige for oss i vår kommune. 
Samfunnsdelen er kommunen sitt viktigaste styringsverktøy, og legg føringar for alle andre planar som skal utarbeidast i kommunen. 

Artikkelliste