Årsmelding Stryn kommune 2023

Stryn kommune si årsmelding er no lagt fram for politisk handsaming, kommunestyret gjer endeleg vedtak i mai. Årsrekneskapen for Stryn kommune for 2023 viser eit positivt netto driftsresultat på i overkant av 2,2 millionar kroner, tilsvarande 0,3 %.

Kommunedirektøren si innleiing:

Vi har lagt bak oss eit år med meir normal drift. Krigen i Ukraina held fram og Stryn kommune har teke i mot 85 nye flyktningar i 2023. Vi merkar no at det er meir utfordrande med kapasitet på bustad, skule, barnehage og helsetenester. Vi har redusert lovnad på mottak av flyktningar for 2024 i høve til 2023. Vi skal ha stor merksemd på integrering i høve språk og å få flyktningane i arbeid. Stryn kommune har mange verksemdområder som også skal driftast og utviklast kvar dag heile året uavhengig av ekstraordinære situasjonar. For å utvikle Stryn kommune vidare er det særs viktig at kommunen sine planar er oppdaterte. Vi er forsinka på dette området og det må prioriterast vidare i året som kjem. Vi har arbeidd mykje med kommunedelplan samfunn - Stryn mot 2035. Prosessen må sikre god involvering av innbyggjarar og politikarar slik at vi får eit godt grunnlagsdokument som gjev tydeleg retning og som vi legg til grunn for utviklinga av Stryn kommune. Planen skal sluttførast i løpet av 2024. Vi ser også at utviklingstrekka både i oppvekst og omsorg for eldre vil gje oss utfordringar som krev stor fleksibilitet hjå tilsette og flinke frivillige som har stilt opp meir enn forventa, har gjort at Stryn kommune har klart seg bra gjennom 2023.

Økonomi:
Etter to år med kraftig auke i skatteinngongen i 2020 og 2021, var det forventa ein vesentleg tilbakegang i 2022. Det vart det også, men ikkje så stor nedgang som budsjettert og prognostisert gjennom 2023. Dette ilag med auke i rammeoverføringane frå Staten, bidrog til at ein trass kostnadsveksten klarte å kome ut med eit positivt netto driftsresultat også i 2023. Økonomisk handlingsrom er avgjerande for å kunne oppretthalde og vidareutvikle tenestetilboda til innbyggjarane i kommunen. Handlingsrommet er gjenspegla i disposisjonsfondet – som gjennom overskotet på drifta utvikla seg positivt med nærare 3 mill. i 2023. Disposisjonsfondet er på 56,3 mill. pr. 31.12.23.

 

Årsmelding Stryn kommune 2023 (PDF, 6 MB)