Varsel om oppstart av reguleringsplanarbeid Sandeåsen Loen

Frist for merknader er 21.05.2024  

I medhald av plan- og bygningslova (pbl.) § 12-8 vert det varsla oppstart av reguleringsplanarbeid for Sandeåsen 2 i Stryn kommune. Planen vil utarbeidast som ein detaljreguleringsplan, jf. pbl. § 12-3.

Tiltakshavar: Loen feriesenter as.
Plankonsulent, Nordplan as avd. Gudbrandsdal.

Bakgrunn og føremål
Sandeåsen feriesenter as ynskjer å utarbeide ein detaljreguleringsplan for deler av sine eigedommar som ikkje er omfatta av gjeldande reguleringsplan Sandeåsen (planID: 2021001) i Loen i Stryn kommune (fig. 1).

Planarbeidet har som mål å utvide regulert areal tilknytt feriesenteret, for å sikre formål knytt til camping, herunder areal for renovasjon og tømmestasjon for bubil, parkering og tilkomst, eksisterande bustadformål samt eventuelt fritidsbustadformål.

 

Frist for merknader er 21.05.2024
send til idl@nordplan.no
eller pr post til: Nordplan AS avd. Gudbrandsdalen, Vågåvegen 36, 2680 Vågå

Oppstartsvarsel Sandeåsen 2 (PDF, 879 kB)

Plangrense oppstart (PDF, 366 kB)

Referat frå oppstartsmøte Deltaljregulering Sandeåsen Feriesenter (PDF, 496 kB)

Planinitiativ Sandeåsen feriesenter (PDF, 2 MB)