Stryn kommune

Budsjett – Handlingsdel med økonomiplan

Kvart år utarbeider kommunedirektøren framlegg til budsjett for det komande året. Det blir også laga ein rettleiande økonomiplan for dei neste fire åra og ein handlingsdel. Kommunedirektøren sitt framlegg går til politisk handsaming. Formannskapet kjem med sitt  framlegg for kommunestyret, som gjer det endelege budsjettvedtaket.

Handlingsdelen konkretiserer mål og tiltak knytt til målsetjinga, satsingsområda og strategiar i samfunnsdelen. Handlingsdelen gjer ei prioritering av kva vi bør få utført gjennom økonomiplanen. Den økonomiske ramma avgjer kva vi kan få utført.

Økonomiplanen går over 4 år og omfattar også årsbudsjettet, som er ein detaljplan over den kommunale drifta og investeringar det komande året. Det er det første året i økonomiplanperioden som er det rettsleg bindande budsjettet for komande år. Dei andre åra i perioden er rettleiande.

FAGRE STRYN 2.0

Kommuneplanen sin samfunnsdel 2024-2035 er vedteken.

Vil du vere med å påverke?

Følg med på kva som skjer i kommunen og lokaldemokratiet. Sei meininga di om planar, følg med på prosjekt og saker som er viktige for deg.

Siste nytt

  • Planlegg for ein trygg og god kvardag
    Korleis kan du legge til rette for ein trygg og god kvardag heime – også når livet endrar seg? Velkomen til ein inspirerande temadag i Stryn kulturhus med nyttige råd og kunnskap om helse, bustad, branntryggleik og fellesskap på tvers av...
  • Influensa- og koronavaksiner hausten 2026
    Vaksinasjonstilbodet er no klart. Her finn du informasjon om drop-in vaksinasjon i Stryn og Innvik, og kven som bør vaksinere seg.
  • Stryn kommune ønskjer innspel til naturmangfaldsplan
    Stryn kommune skal utarbeide kommunedelplan for naturmangfald. Målet med planen er å kartleggje tilstanden i naturen i kommunen, og leggje til rette for korleis vi best kan ta vare på naturverdiane i Stryn.