Influensa- og koronavaksiner hausten 2026
Vaksinasjonstilbodet er no klart. Her finn du informasjon om drop-in vaksinasjon i Stryn og Innvik, og kven som bør vaksinere seg.
Hausten er tida for å ta influensa- og koronavaksine. Vaksinasjon gir god vern mot alvorleg sjukdom, særleg for eldre og personar i risikogrupper.
Drop-in Stryn kulturhus
Onsdag 25. november kl. 09.00–14.30
Torsdag 3. desember kl. 09.00–14.30
Drop-in Innvik Fjordhotell
Torsdag 26. november kl. 09.00–14.30
Drop-in: Du treng ikkje å bestille time, det er berre å møte opp
Kven bør vaksinere seg?
Folkehelseinstituttet tilrår:
- Alle over 65 år bør ta influensavaksine
- Alle over 75 år bør i tillegg ta koronavaksine
- Personar i alderen 65–74 år kan få koronavaksine dersom dei ønskjer det
- Personar under 65 år med kronisk sjukdom bør vaksinere seg dersom dei høyrer til ei risikogruppe
- Personar fødde i 1961 får også tilbod om pneumokokkvaksine, som vernar mot alvorleg pneumokokksjukdom
- Du kan ta influensa-, korona- og pneumokokkvaksine samtidig
Influensavaksine kr 310,-
Koronavaksine kr 85,-
Pneumokokkvaksine kr 85,-
Betaling med bankkort eller Vipps.
Les meir om anbefalt vaksinasjon her: helsenorge.no/vaksinasjon/
Sist endra 13.10.2026 10.28