Nytt tilbod etter nyttår: lag cosplay-kle

Lag ditt eige kostyme! 

Etter nyttår har vi eit nytt tilbod innanfor kunst, cosplay-kle. Der lærer ein å sy og lage sine eigne kostymer av kjende karakterar frå teikneseriar, seriar og filmar. 

I samarbeid med lærar skal ein finne gode løysingar på korleis ein skal lage sitt eige kostyme, og lære forskjellige teknikkar for å kunne lage dette. Her lærer ein å bruke symaskin, lage rekvisittar og andre ting i papp, termoplast og foam, samt bruke verktøy som varmepistol og dremel.   

 

Tidspunkt: Onsdag kl. 17.15 - 18.45 på kulturskulen 

Lærar: Annette Lunde 

Aldersgrense: 6. klasse 

Påmelding via nettsida: søk elevplass – visuelle kunstfag - cosplay