Bestill tid med byggesak frå 21. september

Frå måndag 21. september avsluttar vi den faste telefontida for byggesak. I staden kan du som enno ikkje har sendt søknad, bestille rettleiingssamtale med ein saksbehandlar. Målet er å gi betre rettleiing og bruke ressursane våre på ein meir effektiv måte.

Bestill tid med byggesak

Frå måndag 21. september avviklar Stryn kommune den faste telefontida for byggesak. I staden kan dei som treng rettleiing før søknaden blir sendt, bestille ei rettleiingssamtale med ein saksbehandlar.

– Vi har stor pågang på byggesak, og ønskjer å bruke meir tid på å handsame søknader. Med bestilling kan vi førebu oss på spørsmåla og gi meir målretta og genrerell rettleiing før du sender søknad, samstundes som vi får meir tid til saksbehandling .

 For å styrkje kapasiteten har vi sett vi også  inn ekstra ressursar for å kunne handsame fleire saker,   seier Jan Flore, leiar for samfunnsutvikling i Stryn kommune.

Rettleiingssamtalane for deg som enno ikkje har sendt søknad, varer inntil 15 minutt og skjer tysdag ettermiddag og torsdag føremiddag.

Kommunen oppmodar også innbyggjarane om å sjå på nettsidene før dei bestiller time. Der er det informasjon om kva du kan bygge utan å søkje, kva som krev søknad og kva dokumentasjon som må leggjast ved.

Målet er å gi betre tenester  og redusere ventetida på saksbehandling. Vi trur denne ordninga med timebestilling  vil vere ein fordel både for innbyggjarane og kommunen, seier Flore.

Timebestilling byggesak