Bustadpolitisk handlingsplan for 2026–2034 er vedteken

Kommunestyret i Stryn har vedteke den reviderte Bustadpolitiske handlingsplanen for 2026–2034. Planen skal vere eit strategisk grunnlag for bustadutviklinga i heile kommunen dei komande åra.

Kommunestyret handsama planen i sak KS-038/26 og vedtok fleire endringar og presiseringar. Administrasjonen har no innarbeidd desse i plandokumentet, og den reviderte planen er vedteken.

 

Bustadutvikling i heile kommunen

Eit viktig mål med endringane er å tydeleggjere at bustadutviklinga skal omfatte heile kommunen. Planen legg vekt på eit variert bustadtilbod både i Stryn sentrum og i bygdene.

Kommunestyret har mellom anna presisert at kommunen har ei positiv haldning til spreidd busetnad der forholda ligg til rette for det. Dette skal bidra til å styrkje levande bygder og gje fleire moglegheiter til å busetje seg i ulike delar av kommunen.

 

Skal vere eit heilskapleg bustadpolitisk dokument

Bustadpolitisk handlingsplan omfattar både generell bustadutvikling, arealpolitikk og bustadsosiale omsyn. Han skal bidra til å samordne arbeidet med bustader, tenesteutvikling og samfunnsutvikling i kommunen.

Planen skal mellom anna leggje til rette for eit variert bustadtilbod og møte behova til ulike grupper i befolkninga, også dei som har utfordringar på bustadmarknaden.

Kommunestyret har også vedteke at moglegheita for å opprette eit kommunalt etableringsfond for bustader skal utgreiast i ei eiga sak.

 

Skal leggje grunnlaget for vidare bustadarbeid

Den vedtekne planen gir Stryn kommune eit heilskapleg grunnlag for det vidare bustadpolitiske arbeidet i perioden 2026–2034. Planen skal vere førande for arbeidet med bustadutvikling, arealplanlegging og bustadsosiale tiltak i kommunen.
 

Les: Bustadpolitisk handlingsplan 2026–2034 (PDF) (PDF, 2 MB)