Dersom mobilnettet og internett blir borte

Primære møtepunkt: Stryn kulturhus, Tinggata 18, Stryn sentrum. Vikane omsorgssenter, Dragesetvegen 54, Innvik.

Plan for kommunikasjon hvis mobilnettet og internett blir borte (PDF, 283 kB)

 

Formål

Formålet med planen er å sikre at Stryn kommune kan oppretthalde kommunikasjon med innbyggjarar, tilsette og samarbeidspartnarar ved bortfall av elektronisk kommunikasjon (telefoni, mobilnett og internett).
Omfanget av tiltaka vil vere avhengig av hendinga si varigheit, omfang og konsekvensar.

 

Kommunikasjon til innbyggjarane

Ved bortfall av elektronisk kommunikasjon skal kommunen nytte fleire kommunikasjonskanalar for å sikre at innbyggjarane får nødvendig informasjon.

Innleiande fase (0–8 timar)

Dersom mobilnettet framleis fungerer heilt eller delvis:
• SMS-varsling til innbyggjarane gjennom kommunen sitt varslingssystem.
• Informasjon på kommunen sine nettsider og sosiale medium dersom internett er tilgjengeleg.
• Informasjon til lokal presse og Radio Stryn.


Målsetting:

• Første informasjon skal sendast ut så raskt som mogleg og seinast innan 6–8 timar etter hendinga.

 

Langvarig bortfall av straum og E-kom

Ved meir langvarige bortfall skal følgjande tiltak vurderast og setjast i verk:

Informasjon til innbyggjarane

1.    Stryn kommune vil nytte Radio Stryn til faste informasjonssendingar etter fastsett frekvens.
2.    Stryn kommune vil etablere bemanna møtepunkt for informasjon og rettleiing.
3.    Stryn kommune vil etablere ubemanna informasjonspunkt med skriftleg informasjon.
4.    Informasjonen vil bli oppdatert dagleg eller når situasjonen endrar seg
5.    Oppmodar om å lytte til NRK som er informasjonskanalen.
6.    Oppfordrar dei som har VHF med jakt kanal 1 til å lytte på denne.
 

Møtepunkt for innbyggjarane

Hendinga si art og omfang vil vere avgjerande for kva møtepunkt som vert etablerte. 
Kommunen har definert to møtepunkt som kan bli oppretta med bemanning, Stryn kulturhus og Vikane omsorgssenter. Situasjonen vil styre om eit eller begge blir oppretta.
Elles i kommunen vil det bli oppretta informasjonspunkt der informasjon vil bli hengt opp. Dette vil vere kommunale bygg, eller andre naturlege møtepunkt rundt i bygdelaga. Informasjonen på desse punkta vil bli oppdatert dagleg eller ved endringar i situasjonen.
Kommunen vil sende ut informasjon til innbyggarane via SMS, og på heimesida når hendingar oppstår. I denne informasjonen vil det bli opplyst kvar innbyggarane kan hente informasjon.

Primære møtepunkt

Stryn kulturhus – Tinggata 18 – Stryn sentrum
Vikane omsorgssenter – Dragesetvegen 54 – Innvik


Andre aktuelle informasjonspunkt

Informasjonspunkt er tenkt der kommunen reiser ut for å henge opp informasjon til innbyggarane. Kommunale bygg eller andre naturlege møtepunkt vil nyttast.
Døme på dette er :
•    Vikane barnehage
•    Olden skule
•    Loen skule
•    Nordsida skule, Blaksæter
•    Rand grendahus
•    Oppstryn skule
•    Lokale butikkar

Ved meir lokale hendingar vil det bli oppretta møte- og informasjonspunkt i passande lokale nærare hendinga. Dette vil bli opplyst i SMS frå kommunen.

 

Mål: 

Stryn kommune skal kunne gi nødvendig informasjon til innbyggjarane også ved langvarig bortfall av straum, mobilnett, telefoni og internett, gjennom kombinasjon av sambandstenester, møtepunkt og lokale informasjonspunkt