Torsdag 12. november kl 20 inviterer Fosterheimstenesta til digital sofaprat frå venstre Julie Brodtkorb, Marius Thorvaldsen og Line-Marie Warholm.
Barn treng fleire trygge vaksne rundt seg. Familie, vener, naboar, lærarar, trenarar og andre vaksne i nærmiljøet kan alle gjere ein forskjell. Nokre gonger kan det å bry seg og stille opp bety meir enn vi anar.
Torsdag 12. november kl. 20.00 inviterer Fosterheimstenesta til ein gratis digital sofaprat:
«Kan vi bli litt meir landsby igjen?»
Her møter vi tre personar med ulike erfaringar og perspektiv på kor viktig det er å ha eit lag rundt seg:
- Julie Brodtkorb vart fosterforelder for ein gut i klassen til sonen, og fekk erfare kor viktig støtta frå andre vaksne var.
- Marius Thorvaldsen vaks opp med omsorgssvikt og flytta etter kvart inn hos ein nabo.
- Line-Marie Warholm er psykologspesialist og oppteken av kor viktig det er at fleire vaksne enn foreldra bidreg i oppveksten til barn.
Saman løftar dei fram spørsmål om fellesskap, omsorg og kva vi som vaksne kan bety for barna rundt oss.
Sofapraten er ein del av den nasjonale fosterheimskampanjen «Samme venner, et annet hjem», som set søkjelys på kor viktig nærmiljøet er når barn treng fosterheim.
Dette er ein samtale for alle!
Enten du er forelder, besteforelder, nabo, trenar, tilsett i skule eller barnehage, frivillig eller berre oppteken av barn og oppvekst, håpar vi du vil vere med.
Du treng ikkje ha vurdert å bli fosterforelder. Kanskje handlar det først og fremst om å sjå kva forskjell vi alle kan gjere for barn i nærmiljøet vårt?
Bli med på sofapraten torsdag 12. november kl. 20.00!
Les meir og meld deg på på bufdir
Kan du ikkje delta direkte? Meld deg på likevel, så får du tilsendt opptaket i etterkant.