Kommunale eigedomsgebyr får månadleg fakturering

Frå 1. januar 2027 går kommunen over til månadleg fakturering av kommunale eigedomsgebyr (vatn og avløp, feiing og tilsyn og eigedomsskatt). Dette erstattar dagens kvartalsvise fakturering. Målet er å gi innbyggjarane ein meir føreseieleg økonomi og betre oversikt over eigne utgifter.

Kva betyr dette for deg?

  • Abonnentar med samla årsgebyr på over 1 000 kroner får faktura kvar månad
  • Abonnentar med samla årsgebyr under 1 000 kroner får faktura to fakturaer i året (halvårleg)
     

Dersom du har AvtaleGiro, treng du ikkje å gjere noko.
Vi oppmodar alle om å opprette eFaktura eller AvtaleGiro i nettbanken.

Bur du i burettslag eller sameige, betaler du kommunale eigedomsgebyr gjennom husleiga som før.

 

Spørsmål?

Ta kontakt på e-post: rekneskap@stryn.kommune.no