Innleiing:
Årets arbeid med budsjett 2027 og økonomiplan 2027-2030 er krevjande. Vi har hatt ein lang prosess både i administrasjonen og med politikarane, men likevel er det vanskeleg å prioritere driftstiltak, investeringar og balansere drifta både for 2027 og i handlingsplanperioden. Det er fordi det er mange viktige tiltak og investeringar både for å halde eit godt tenestetilbod og få gjennomføre viktige utviklingstiltak som har vore ønskt og jobba med lenge. Ambisjonane er også styrt av kommuneplanen sin samfunnsdel – Fagre Stryn 2.0.
Stryn på lag med naturen
Stryn - ein god stad å bu for alle heile livet
Stryn - eit innovativt, allsidig og grønt næringsliv
Stryn kommune - vi skaper framtida i fellesskap
Visjonen «Fellesskap mellom fjord og fjell» betyr at vi må løyse oppgåvene i større grad på tvers og saman med innbyggjarane.
Verdiorda våre er:
Vi skal vere opne.
Vi skal samarbeide.
Vi skal ta ansvar.
Det forpliktar oss i måten vi vil vere og jobbe på.
Demografisk utvikling
Den demografiske utviklinga set store krav til omstilling og utvikling som har stor økonomisk påverknad. Kommunen må omstille seg. Vi har delteke i nettverk som heiter «berekraftig omstilling» der vi både høyrer og lærer og deler våre erfaringar med nokre andre kommunar på Vestlandet.
Prognoser for den demografiske utviklinga for Stryn kommune, som i mange andre distriktskommunar, er at tal eldre innbyggjarar aukar og yngre minkar. Det er òg viktig å ha med seg at utfordringane mellom dei yngre er aukande. Dette er eit viktig satsingsområde i dette budsjettet og handlingsplanen.
Sjølv om dei økonomiske råmene er stramme må vi også prioritere barn og ungdom. Vi har starta både prosjektet “Omsorg 2045” og arbeidet med ny barnehage og skulebruksplan som vil gje viktig kunnskap og grunnlag for diskusjon om korleis vi skal omstille og effektivisere Stryn kommune.
Vi må samtidig arbeide vidare med å utvikle kommunen og legge til rette for næringsareal, bustadar/tomter, samferdsletiltak, oppgradere vatn og avløp med meir. Det er viktig at vi har eit handlingsrom i kommunen sin økonomi til å levere dei tenestene vi skal og bør i framtida.
Det er innspel på fleire gode og viktige tiltak som kommunedirektøren ikkje kan prioritere. Det er gjort eit grundig arbeid i administrasjonen med god involvering gjennom fleire rundar i budsjettarbeidet også for å sjå på effektivisering og innsparingar.
Takk for godt arbeid til alle.
Det er særs viktig at etatane og alle avdelingar har ein eigarskap til budsjettet og sikrar god og tett styring. Vi må styre økonomien betre framover. Planar og verksemdstyringa må henge betre saman. Vi må ta i bruk modulane i Framsikt og rapportere konkret og tydleg kvar månad. Avvik og nye tiltak må dekkjast – skal nye tiltak inn må noko ut. Vi kan ikkje bruke ei krone to gongar.
Stryn kommune leverer tilfredsstillande tenester til innbyggjarane i dag, men vi har likevel utfordringar. Her kan eg mellom anna nemne forbetringsområder som eksempel:
- Sjukefråvær som er for høgt og vanskeleg å redusere.
- Etterslep og lange planprosessar spesielt på kommunedelplanar areal.
- Leveranse på byggjesøknader grunna manglande kapasitet og med samanheng til utdaterte planar.
- Korleis klare å takle individuelle behov hjå born og ungdom.
- Finansiering av demografiske utviklinga som vi veit kjem.
Budsjett og økonomiplan
Vi fekk relativt lite hjelp i overføringane av frie inntekter frå staten for 2027 med ein berekna vekst for Stryn på 4,0%. Generell auke er 4,9% til kommunane og kommunar i Vestland fekk 4,6% vekst i gjennomsnitt.
Ein av grunnane til at Stryn får mindre vekst enn andre er at eldrebølgja treff oss litt seinare enn i mange av vestlands-kommunane.
Vi meiner at løn, den generelle kostnadsutviklinga og renta er høgre enn den kompensasjonen vi får gjennom overføringane frå Staten. Vi må derfor effektivisere for å kutte kostnadar. Det er positivt at avkastning frå Tussa, SFE og Loen Skylift ser ut til å bli gode også i 2027, men utover det har vi lite frie inntekter å støtte oss på. Det som har berga oss dei siste åra er relativt god skatteinngang – betre enn forventa. Prognosane no er at skatteinngangen framleis er bra, men den gode veksten i starten på 2027 er no avtakande. Kommunedirektøren forventar redusert skatteinngang i økonomiplanperioden, men inntektsutjamningssystemet hjelper oss i den samanheng.
Dei einaste inntektene vi sjølve direkte kan auke monaleg, er eigedomsskatten. Vi rår ikkje til at gjeldande sats på 3,4 promille for eigedomsskatten vert auka. Stryn Kommune skal vere ei næringsvenleg kommune og ein auke i eigedomsskatten vil vere i motstrid til dette både kva gjeld næringseigedomar og private eigedomar med tanke på buande og tilflytting. Vi arbeider aktivt med rekruttering og ønskjer at fleire skal busetje seg i vår kommune. Vi må førebu oss på at dei kommunale gebyra vil auke seinare år med nye miljøkrav.
Utviklinga i dei frie inntektene, stadig høg løns- og prisvekst og aukande rentebelastning i driftsbudsjettet gjer at vi må legge fram forslag til budsjett og økonomiplan med bruk av disposisjonsfond i alle åra. Omstillings- og effektiviseringsarbeidet vil fortsatt ha høg prioritet i planperioden.
Større investeringar
Investeringane i økonomiplanperioden er omfattande. Større prosjekt som må finne sin plass er mellom anna:
- Fellesbygg – kommunalteknikk og brannstasjon eller brannstasjon. Vi har kjøpt bygget Visnes Næringseiendom som skal ombyggjast til formålet
- Omsorg 2045 Samla plan for investering i helse- og omsorg i økonomiplanperioden
- HUXE – bibliotek, kulturskule, andre aktivitetar - Samarbeidsprosjekt med Vestland fylkeskommune i området Stryn vidaregåande
- Geilevegen og infrastrukturoppgradering
Rehabilitering av Geilevegen (679 m) inkl. fortau, naudsynte avkøyrsler og p-plassar. VA, gatelys, naudsynte tiltak i Tonningsgrova og Tonningkamben
Sjølvkostområdet og sikring mot flaum og skred
Nye rensekrav frå EU og overordna myndigheiter vil medføre auka investeringar for Stryn kommune i framtida.
Stryn kommune er utsett for flaum og skred. Kartlegging og sikringstiltak med hensikt å avgrense risiko for uønska hendingar vil i større grad binde kapital gjennom distriktsandelen i framtida. Kommunedirektøren må signalisere at den auka kostnaden som følgje av desse investeringane ikkje kan berast i dei komande åra utan at dette får konsekvensar for drifta på andre område. Distriktsandel er redusert til10 %. Dette er eit steg i rett retning, men i dei fleste tilfeller er det forventa at kommunen må dekke desse kostandane samt vedlikehald. Det har vi ikkje økonomi til.
Til slutt vil kommunedirektøren poengtere at bruk og utnytting av digitale hjelpemidlar i verksemdstyringa og tenesteleveransen må til for å effektivisere drifta og ha meir effektive arbeidsprosessar. Noko av det viktigaste for utviklinga i Stryn kommune no er å oppdatere arealplanar. Derfor arbeider vi med å oppbemanne planavdelinga og byggje kapasitet og kompetanse.
Kommunedirektøren har gjennom framlegg til Handlings- og økonomiplan 2027-2030 og budsjett 2027 gjeve sine tilrådingar om driftsrammer og tenesteutvikling i fireårsperioden samt investeringar. Ved handsaming av formannskapet sitt framlegg i kommunestyremøtet 10. desember, er det kommunestyret sine prioriteringar og vedtak som fastset kommunen sine mål og rammer for perioden.
Ellers viser eg til kommentarar frå dei enkelte etatane.
Vi er tilgjengelege for informasjon i budsjettprosessen.
Stryn, 29. oktober 2026
Jon B. Nesje
kommunedirektør
Kommunedirektøren sitt framlegg til handlings og økonomiplan 2027-2030 og budsjett 2027
Kommunedirektøren sitt framlegg til gebyr og betalingssatsar for 2027