Stryn kommune kunngjer, i medhald av reglane om utbyggingsavtalar i plan- og bygningslova, at kommunen har starta forhandlingar med Kamben AS (org.nr. 928 346 293) om utbyggingsavtalar knytte til Detaljregulering for Tonningskamben og utbygginga av området.
Bakgrunn og føremål
Stryn kommunestyre vedtok Detaljregulering for Tonningskamben 12. desember 2024.
Føremålet med forhandlingane er å avklare korleis utbygginga skal gjennomførast, mellom anna når det gjeld ansvars- og kostnadsfordeling for nødvendig infrastruktur og vilkår for eventuell kommunal overtaking av anlegg.
Kva skal avtalane omhandle?
Forhandlingane er venta å omfatte mellom anna:
- Opparbeiding og eventuell kommunal overtaking av vegar, vatn- og avløpsanlegg (VA), gangvegar, leikeplassar og gatelysanlegg i utbyggingsområdet.
- Kommunal fornying eller oppgradering av VA- og overvassanlegg i Geilevegen, og Kamben AS sitt forholdsmessige kostnadsbidrag til aktuelle tiltak.
- Fordeling av kostnader, berekningsgrunnlag, betalingsvilkår, dokumentasjonskrav og eventuell krav om økonomisk tryggleik.
Det ligg føre eit førebels utkast til avtale, men dette er ikkje ferdigforhandla. Det er heller ikkje avklart om forholda skal regulerast i éin eller fleire avtalar. Det endelege innhaldet vil bli fastsett gjennom forhandlingane.
Vidare saksgang og høve til å kome med merknader
Når eit avtaleutkast er ferdigforhandla, vil forslaget bli lagt ut til offentleg ettersyn i 30 dagar. I denne perioden vil det vere høve til å kome med skriftlege merknader.
Etter det offentlege ettersynet skal avtalen behandlast av kommunestyret. Endeleg behandling vil skje etter at merknadsfristen er ute og eventuelle merknader er vurderte.
Kontaktinformasjon
Spørsmål eller innspel til oppstarten av forhandlingane kan sendast skriftleg til Stryn kommune.
E-post: postmottak@stryn.kommune.no
Postadresse:
Stryn kommune
Tonningsgata 4
6783 Stryn