For innbyggjarane blir den første synlege endringa den nye appen Mitt Avfall, som etter planen blir tilgjengeleg tidleg i januar 2027.
Nytt kundesystem frå desember
7. desember 2026 tek NoMil i bruk eit nytt kundesystem (Adaptiv Renovasjon) som blir ein viktig del av den daglege drifta. Systemet samlar funksjonar som kundeinformasjon, fakturering, tømmekalendrar, arbeidslister og køyreruter.
Det nye systemet skal òg leggje grunnlaget for vidare utvikling av digitale kundetenester.
Bakgrunnen for overgangen er at dagens kundesystem blir avvikla ved årsskiftet, etter 25 år.
Løysinga er utvikla i samarbeid mellom NoMil, Nordhordland og Gulen Interkommunale Renovasjonsselskap IKS (NGIR) og teknologiselskapet Avinet. NoMil har hatt ansvaret for utviklinga av den nye appen.
Mitt Avfall erstattar dagens NoMil-app
I januar 2027 lanserer NoMil appen Mitt Avfall. I første omgang vil appen ha tilsvarande funksjonar som dagens NoMil-app.
Den gamle NoMil-appen og Mitt Avfall vil vere tilgjengelege parallelt i ein overgangsperiode. Den gamle appen blir fasa ut i løpet av første halvår 2027.
Fleire digitale tenester kjem etter kvart
Mitt Avfall skal vidareutviklast med fleire funksjonar. I framtidige oppgraderingar er planen å tilby Mi Side med innlogging via BankID.
Her skal kundane mellom anna kunne:
- Få oversikt over eigedom og renovasjonsabonnement
- Sjå faktura
- Bestille bossdunkar, bioposar og sekkar til plast
Desse funksjonane vil ikkje vere tilgjengelege når appen blir lansert i januar. NoMil vil informere når dei nye tenestene er klare.
Ny nettside i 2027
NoMil arbeider òg med ei ny nettside, som er planlagd ferdigstilt i løpet av 2027. Den nye nettsida er ein del av arbeidet med å utvikle og forbetre dei digitale kundetenestene.
Eit omfattande digitalt løft
Prosjektleiar Alexander Wilke informerer om at dette er eit stort digitalt løft for NoMil, og at det nye kundesystemet er tilpassa vårt behova og leggje til rette for vidare utvikling.
Mange endringar skjer samstundes, og det kan oppstå innkøyringsutfordringar i overgangsperioden.
Tidsplan
- 7. desember 2026: Nytt kundesystem, Adaptiv Renovasjon, blir teke i bruk.
- Januar 2027: Appen Mitt Avfall blir tilgjengeleg.
- Første halvår 2027: Den gamle NoMil-appen blir fasa ut.
- I løpet av 2027: NoMil får ny nettside.
- Framtidige oppgraderingar: Mi Side og fleire digitale kundetenester blir lanserte etter kvart.
Meir informasjon om den nye appen og dei digitale tenestene vil kome på NoMil sine nettsider