Søk tilskot til inkludering av barn og unge
Har de ein idé som kan skape meir aktivitet, deltaking og fellesskap for barn og unge? No kan frivillige organisasjonar søkje Bufdir om tilskot gjennom ordninga Inkludering av barn og unge. Søknadsfristen er 13. november 2026.
Målet med ordninga er å gi fleire barn og unge moglegheit til meistring og samfunnsdeltaking. Det kan søkjast om støtte til mellom anna:
- Opne og inkluderande møteplassar
- Ferie- og fritidsaktivitetar
- Sommarjobb og deltidsjobb
Målgruppa er barn og unge i alderen 0–24 år som står i fare for å hamne i utanforskap. Aktivitetane skal gå føre seg på fritida og ha låge eller ingen kostnader for deltakarane. Barn og unge bør òg få medverke i utviklinga og gjennomføringa av tilboda.
Nytt i år: Kommunen kan ikkje lenger søkje direkte. Berre aktørar og organisasjonar som er registrerte i Frivilligregisteret, og har eige organisasjonsnummer, kan søkje. Minste søknadsbeløp er normalt 50 000 kroner per aktivitetstype per år. Det kan søkjast om støtte for inntil tre år.
Har laget, foreininga eller organisasjonen dykkar ein god idé? Les meir om ordninga og kven som kan søkje på Bufdir sine nettsider:
Les meir om tilskotsordninga hos Bufdir
Søknadsfrist: 13. november 2026
Har du spørsmål, ta kontakt med
Jannike Sunde på telefon 57 87 48 13
e-post jannike.sunde@stryn.kommune.no.
Sist endra 04.11.2026 14.23