Varslar oppstart av reguleringsplan for nytt drifts- og beredskapsbygg på Visnes
Stryn kommune varslar oppstart av detaljregulering for Stryn drifts- og beredskapsbygg på Visnes. Planen skal leggje til rette for brannstasjon og kommunalteknisk drift i eksisterande bygnad, og vurdere mellom anna tilkomst, trafikktryggleik, uteareal og flaumsikring.
I medhald av plan- og bygningslova § 12-8 vert det varsla oppstart av detaljregulering for Stryn drifts- og beredskapsbygg på Visnes, mellom anna gnr./bnr. 45/185 m.fl.
MERKNADER OG INNSPEL
Frist: Fredag 18. desember 2026
Stein Halvorsen Arkitekter AS v/Magnus Eikrem Rynning-Tønnesen
Rosenborggata 19 A, 0351 Oslo
magnus@sh-arkitekter.no
Trykk her for meir informasjon: arealplaner.no
Sist endra 20.11.2026 10.25